I 2018 starta Sven Gil Westersjø eit busselskap som attåtnæring til garden Foss på Jøsneset. Nå kan du reisa frå A til B med «Elektra», «Minstemann», «Bestemor», «Drengen» eller «Byassen».
I gamle dagar kom huldrefolket ut av fjellet i store flokkar kvar julaftan for å feira julehøgtida i gardshuset på Kvame.
Fredag kveld blei Randøy Grendahus fylt med song og musikk, då Eigil Fagerland Sjursen tok med seg eit knippe talentfulle musikkvenner til heimbygda, for å skapa julestemning.
Kvar onsdagsmorgon fyller lukta av nykokt havregraut gangane på ungdomsskulen. Hjelmeland Bygdekvinnelag står bak det populære tiltaket, som mettar magane til morgontrøytte ungdommar.
Hjelmeland E-sport har sidan oppstarten i januar 2023 blitt ein populær møteplass for gaming-interesserte i kommunen, og skaper vennskap og bygger relasjonar på tvers av skular og klassetrinn.
Eit spleiselag mellom Rogaland fylkeskommune og nokre av midlane frå salet av Årdal Aktivitetshus, har bidratt til å realisera ein ny gapahuk ved Riskedalsvatnet.
Det lokale bandet Bråg & Sandråg fyller 10 år i desember, og har definitivt blitt ein publikumsfavoritt. I romjula spelar dei opp til allsong og dans på Hjelmeland Samfunnshus
Det er ein kald onsdagskveld i desember. Klokka er 19:22, og mørket har senka seg over gatene i Stavanger. I kveld skal Jan Arne Hansen jakta… på latter.
Spødakaféen på Samfunnshuset er eit kjærkome avbrekk i kvardagen: – Det er mykje koselegare å møta andre, og jabba og strikka her, enn å sitja heime i kvar våre stover og strikka åleine, seier Siri Hytland.
For tredje år på rad har Edel Gausland frå Årdal laga adventskalender til seg sjølv. Kvar morgon i desember deler ho opninga av ei ny gåve med Facebook-vennene sine.