Julegleda var til å ta og føla på då juletreet utanfor Joker Fister blei tent i kveld. Bygdefolket møter kvart år opp til denne trivelege førjulstradisjonen, og styret i Fister Butikkdrift er fornøgde med frammøtet.
Julekonserten «A Big Band Christmas» hausta ros og lovord frå publikum, og både musikarane og Barneteateret har gode grunnar til å vera fornøgde med konserten.
Idéen om Mitt Hjelmeland blei fødd 8. mars 2013: Vegard Terøy og Morten Hetland ynskte å servera eit lokalmagasin til innbyggarar, gjester og næringsliv i Hjelmeland kommune.
I mai 2020 overtok Janneke Wijgergangs og Martijn Bellemakers gard, kraftstasjon og tre turisthytter på Fossane i Vormedalen. Det nederlandske paret kom først til Suldal i 2006, men det var på Fossane Gard dei skulle få oppfylla draumen om å eiga og driva si eiga reiselivsverksemd.
I 2008 flytta Signe (53) og Torsten (50) til den litle bygda Fister i Hjelmeland kommune. Sønene deira, Sebastian (31), Leon (24) og Ole (19), blei med på flyttelasset til Norge. – Det har gått riktig bra for alle tre, konkluderer Signe og Torsten, 14 år seinare.
For over fire år sidan annonserte Solberg-regjeringa eit forbod mot pelsdyrhald. Pelsdyrbøndene ventar framleis på erstatning, men Reidar (64) og Sissel (58) Helgesen er allereie på god veg inn i ei framtidsretta reiselivssatsing på småbruket Hetlevik på Randøy.
Ruth-Iren (37), Anders (40) og dei tre barna deira trivst godt mellom fjell og fjord, på garden Sedberg i Årdal. Anders har jobb i heimbygda, medan Ruth-Iren pendlar til Tau.
Då Espen Bomark (30) frå Bråstein i Sandnes blei kjent med Natalie Jansen (27), hadde han ingen plan om å busetja seg i heimbygda hennar. Nå har dei blitt foreldre til to gutar, og bygd seg ein husdraum i sentrum av Hjelmeland.
Familien Gjil bur på Hauga i Jøsenfjorden, på ein gard med lange tradisjonar og god utsikt utover fjorden som har gjeve namn til bygda.
Språk, kultur og musikk er viktig for familien Altamirano, der pappa snakkar spansk og mamma snakkar norsk. – Det har alltid vore spanande å ha røter i fleire kulturar, seier storesøster Malena Altamirano (23).