«Huldrejul på Kvame» er éi av segnene som står i boka «Småstubbar», som blei utgjeven av Hetland Media i 2015. Etter det Mitt Hjelmeland kjenner til, er historia reint oppspinn, men likevel ei underhaldande historie.
Kvame ligg lunt og vakkert under ein bratt fjellvegg på nordaustsida av Steinslandsvatnet, eit stykke ovanfor Hjelmelandsvågen. I denne fjellveggen budde huldrefolket, men kvar julaftan måtte Kvame-folket flytta ut av sitt eige hus, og bu med dyra i fjøset, slik at huset var ledig til huldrene kom. Der festa og dansa dei, og bråka så mykje at heile huset rista.
Det er forståeleg at Kvame-folket var misfornøgde med å stå på bar bakke i den kalde desembernatta, men kva anna kunne dei gjera? Ingen av dei våga å ta opp kampen mot trollskapen, og kva kunne dei gjort viss nokon hadde tort?
Eitt år hadde folket på Kvame fått seg ein gardsgut som var uvanleg modig. På julaftan, då dei andre byrja å flytta ut av huset, ville ikkje gardsguten vera med. Han lada heller børsa si, og sette seg til rette i stova.
Då det byrja å bli mørkt, gjekk gardsguten opp på hemsen, og gøymde seg bak noko vedrask der. Det var daudstille i huset – ikkje ein gong rottene gnog nokon stad. Berre austavinden kvein i husnova no og då.
Timane gjekk, og det blei seint for gardsguten, men utpå kvelden kunne han høyra at nokon kom labbande utanfor døra. Døra gjekk opp, og huldrefolket tiska og kviskra. Først stakk ein gamal huldregubbe med langt skjegg nasen sin inn.
– Huff, huff… Kristenmanns lukt i huset, sa han. Snart kom heile flokken inn, og det yrte med huldrer i stova. Dei snusa og leita etter kristenmannen, men dei fann ikkje gardsguten, som låg musestille på hemsen.
– Her er det ingen kristenmann. Det berre luktar etter han endå, sa dei andre.
Huldrene samla seg rundt huldregubben, som heitte Trond, og så dansa og hoia alle som om dei var galne.
På bordet bar dei den finaste julematen som kunne tenkjast, og sølvtøyet og gullstasen skein i månelyset.
Gamle Trond sette seg i den eine enden av bordet, og dei andre slo seg ned der det var plass. Før dei byrja å eta, skjenka dei vin i drikkehornet. Trond fekk drikkehornet først.
— No skålar me for Trond, sa ein av dei styggaste huldrene.
Dette høyrte gardsguten på hemsen, så han sikta på huldregubben med børsa og ropte «Eg skålar for Trond, eg òg!», før han skaut.
Skotet trefte godt. Gamle Trond seig daud ned i stolen. Huldrene blei så skremde at dei skvatt opp frå bordet og sette i eit veldig skrik. Det blei eit forferdeleg rabalder; gråt, jammer og forbanningar over kristenmannen som hadde overfalla dei på denne lumske måten.
Som ein vind var dei alle ute av huset. Dei hadde det så travelt at dei ikkje ein gong tok med seg gullet og sølvet dei hadde sett fram på bordet. Berre gamle Trond tok dei med seg.
Dei fór av garde tilbake til Valafjellet, så fort at dei berre brukte nokre få steg. Dei jamra og bar seg over huldregubben som dei hadde mista, og då dei kom opp i fjellet skreik dei:
– Stussleg jul på Kvame i år! Stussleg jul på Kvame i år!
Før dei smatt inn i fjellet slengde dei tre store steinar ned mot Kvame, men heldigvis nådde dei ikkje fram til husa. Steinane blei liggjande i utkanten av bøen, der dei framleis ligg.
Då det nærma seg jul året etterpå, torde ikkje huldrene å feira jul på Kvame før dei hadde spurt om lov.
– Kan me få feira jul på Kvame som før, men i fred, spurde dei.
– Nei, svarte gardsguten, som no hadde slått seg ned på Kvame for godt.
Då kom ein huldremann fram i døra i fjellveggen og sa:
– Denne døra har vore oppe mange gonger før, men etter denne dag skal ho lukkast.
Så kasta han gullnøkkelen i ura under, som i dag blir kalla Torur, og låste døra innanfrå. Sidan er det mange som har leita etter gullnøkkelen i ura, men ingen har funne han.
Kvame-folket har ikkje hatt vanskar med huldrene sidan denne gongen, og dei har feira jul heime hjå seg sjølv i ro og fred. Den modige gardsguten kom godt ut av det. Han fekk alt gullet og sølvet som huldrene hadde sett igjen.
Ingen har sidan sett noko til huldrene i Valafjellet, men i fjellet kan ein framleis sjå den kvite døra som dei gjekk gjennom. Kvame-folket kallar ho for Huldradørå, og ho blir nok ikkje opna før dommedag.
Fleire soger, segner og sanne historier frå Hjelmeland finn du i boka «Småstubbar».