Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

– Viktig å ta vare på handverkstradisjonane

Picture of Morten Hetland

Morten Hetland

På Pundsnes er Karin Åsland og Leif Harald Jørmeland i gang med å gje nytt liv til ei snart 90 år gammal stavkonstruksjonsløe. Handverksløå skal ikkje berre fungera som lager og verkstad, men òg bli ein arena for opplæring i tradisjonshandverk.

For fem år sidan sa Leif Harald Jørmeland opp jobben som tømrar, for å bli ambulansearbeidar på heiltid. Kort tid seinare oppretta han enkeltpersonføretaket L.H Jørmeland, for å kunna putla med tømrarfaget ved sida av ambulanse-jobben.

– Eg såg føre meg at eg skulle få éin tradisjonshandverksjobb i året, og at resten av oppdraga blei vanlege tømmermannsjobbar. Sidan eg alltid har hatt interesse for gamle bygningar, var det kjekt at det blei stikk motsett. Det viser seg at det er større behov for tradisjonshandverk enn eg såg føre meg, seier Leif Harald til Mitt Hjelmeland.

TRADISJONSHANDVERKAR: Når han ikkje er på jobb i ambulansetenesta, jobbar Leif Harald Jørmeland med tradisjonshandverk. (Foto: Morten Hetland)

Dei siste fem åra har Leif Harald hatt mange prosjekt innan restaurering av gamle bygningar og bygningsdelar. Blant anna blei L.H Jørmeland engasjert til å restaurera vindauge og kyrkjeklokke-oppheng i Årdal gamle kyrkje, samt til å gje den drygt 400 år gamle kyrkja nokre sårt tiltrengde strok med linoljemaling. Kona hans, Karin Åsland, er både kollega, tilsett og ein viktig støttespelar i den litle tradisjonshandverk-bedrifta.

– Bedrifta vår har vokse seg ut av vedskuten heime på Kvame, og me har lenge hatt behov for eit større lager. Då eg fekk tilbod om å overta ei gammal løe i stavkonstruksjon, kunne eg ikkje seia nei, fortel Leif Harald.

Med god hjelp frå Karin, ambulanse-og-tømrar-kollega Rune Vadla Risa og ein haug med familie og venner, sette Leif Harald i gang med å demontera løa, for å byggja den opp igjen på Pundsnes. Prosjektet er delvis finansiert av kommunalt næringstilskot frå kraftfondet. Leif Harald trekk òg fram saksbehandlarane i Hjelmeland kommune som viktige støttespelarar undervegs i prosessen.

MERKING: For å kunna demontera ei heil løe, og byggja den opp igjen på ein heilt annan plass, er det viktig med god merking. Dei tydelege merka i stavane (ståande) og krobanda (på skrå) har gjort jobben enklare. (Foto: Morten Hetland)

Nå får den snart 90 år gamle løa frå Laugaland nytt liv på Pundsnes, som både lager, verkstad for restaurering av vindauge og ein laftehall for større konstruksjonar.

– Tradisjonshandverk og gjenbruk er inn i tida, og då er det tøft at me kan gjenbruka ei heil løe, så å seia slik som den var. Materiala til løa blei hogde i 1934/1935, og 90 år seinare står den på Hjelmeland. Klimaavtrykket frå slike prosjekt er svært lågt, konstaterer Leif Harald.

TILPASSING: Leif Harald er imponert over kvaliteten på treverket i den 90 år gamle løa. Det meste kunne gjenbrukast, men mellom anna neglingane (spikerslaga som bordkledninga skal henga på) måtte bytast ut. Neglingane tilpassar Leif Harald med handmakt og øks. (Foto: Morten Hetland)

Viss Leif Harald og Karin får det som dei vil, skal Handverksløå bli ein viktig møteplass for både handverkarar og ungdommar. Leif Harald meiner det ligg ein eigenverdi i å byggja for framtida, med kvalitetsmaterial og tradisjonelle metodar.

– Me vil skapa ein møteplass for handverkskurs og -samlingar, som for eksempel smed-kveldar eller kurs i samarbeid med Fortidsminneforeningen eller Ryfylkemuseet. Kanskje kan me òg få til eit samarbeid med skulen, slik at ungdommane eksempelvis kan koma hit for å læra seg å smi noko i essa. Det er nok ein del ungdommar som hadde likt å kopla av frå skulebenken med noko praktisk arbeid, avsluttar Karin Åsland og Leif Harald Jørmeland.

Set du pris på lokale nyheiter?

Støtt arbeidet vårt, og hjelp oss med å halda Mitt Hjelmeland reklamefritt.

Vipps valfritt beløp til #599140

Del artikkelen:

Facebook
E-post
Print
Bli varsla om oppdateringar? OK Nei, takk