– Me skal snakka om det som passar spesielt godt på ein demokratisalong; nemleg høgdepunktet til demokratiet, i alle fall her i landet, eit stortingsval, sa møteleiar Tom Hetland då han opna samtalen.
Historikar og rådgjevar i den liberale tankesmia Civita, Eirik Løkke, meinte at årets valkamp skilde seg ut.
– Stikkordet er fragmentering. Formuesskatten blei diskutert ein del, men det var veldig mange forskjellige ting som blei diskutert, så det var vanskeleg å sjå det dominerande temaet, meiner Løkke.

Løkke peika òg på at algoritmane spelar ei stadig større rolle i demokratiet, spesielt i valkampen, der éin felles offentleg diskusjon begynner å bli erstatta av ein kakofoni av mange små offentlegheiter.
– Me får ikkje den same informasjonen. Partia har alltid snakka ulikt til ulike grupper, men nå er omfanget av det blitt så systematisert at ein risikerer å ikkje få éin felles offentleg diskusjon. Dette trur eg kan bli eit problem over tid, seier Løkke.
Valforskar ved Universitetet i Stavanger, Svein Erik Tuastad, bygde vidare på dette.
– Ein veldig viktig del av diskusjonen om demokrati, er at avgjerdene er godt grunngjevne, altså at dei beste argumenta skal vinna fram. Det er dette som eigentleg skaper tillit. Men viss dei som vinn valkampen er dei som er best til å spinna og har best triks på TikTok, så blir demokratiet mindre demokrati, seier Tuastad.

Polarisering var òg eit tema.
– Arbeidarpartiet ville jo ha Listhaug som hovudmotstandar, og då blir det bråk. Men dei vann valet på det, meiner Tuastad.
På spørsmål frå Hetland om kva dei hugsa best frå valkampen, svarte Tuastad:
– Når Erna Solberg stilte opp for Kreftforeningen, og skulle hoppa i sjøen, og dei tok biletet akkurat då ho smell i vatnet. Og det er jo så forbanna symbolsk, det der mageplasket hennar.
Løkke trekte fram debatten der Sylvi Listhaug kalla AUF-leiar Gaute Skjervø ein «notorisk løgnar».
– Det er jo uheldig å bruka det uttrykket, og det bør ikkje brukast, men i ein sånn situasjon spør eg meg om dette verkeleg var noko heilt nytt.
Samtalen dreia òg over til USA.
– Det meste av det som skjer i USA, kjem før eller seinare til Norge; gjerne ikkje direkte, men i ei eller anna form, sa Løkke.
Tuastad meinte at den norske politiske kulturen er annleis enn i det polariserte USA:
– Me har tilløp til polarisering, med påstandar om løgn og desinformasjon, men eg trur at den norske politiske kulturen er ganske safe. Stortingspolitikarane kjem frå kommunestyra, og dei kjem framleis til å sitja å slå kvarandre på skuldrene rundt ein kaffikopp i møta.