Stora Blåfjell ruvar 1.254 meter over havoverflata, og er dermed det høgaste fjellet i Hjelmeland.
Stora Blåfjell ligg i nærleiken av kraftmagasinet Blåsjø, og turen startar frå Førrevassdammen. For å koma seg hit, følgjer ein riksveg 13 innover Jøsenfjorden, og vidare til Gullingen i Suldal kommune. Ta av mot Blåsjøvegen når du kjem til skilt ved Mosvatnet (bomveg, betaling med kort).
Merk at området rundt Stora Blåfjell normalt har mykje snø, og denne kan bli liggande langt utover våren og forsommaren.
Ryfylkeheiane, 4134 JØSENFJORDEN