Blåsjø er ein kunstig innsjø som ligg i kommunane Hjelmeland, Suldal og Bykle. Ved høgaste regulerte vasstand (1055 meter over havet) dekker Blåsjø eit område på ca. 81 km², og er dermed den 12. største innsjøen i Noreg.
Blåsjø fungerer som vassmagasin for Ulla-Førre-kraftverka, og med eit energiinnhald på 7,8 TWh, er Blåsjø det største vassmagasinet i Noreg. 14 små og store dammar, deriblant Førrrevassdammen, held vatnet på plass.
Området rundt Blåsjø passar godt til sykkelturar, fjellvandring (for eksempel til Stora Blåfjell) og fiske med stang eller garn.
For å koma seg hit, følgjer ein riksveg 13 innover Jøsenfjorden, og vidare til Gullingen i Suldal kommune. Ta av mot Blåsjøvegen når du kjem til skilt ved Mosvatnet (bomveg, betaling med kort).
Merk at området rundt Blåsjø normalt har mykje snø, og denne kan bli liggande langt utover våren og forsommaren.
Blåsjøvegen, 4134 JØSENFJORDEN
Blåsjøvegen, 4134 JØSENFJORDEN