Informasjon

På den vesle øya Helgøy i Årdalsfjorden bur storfamilien Helgøy. Den veglause øya er kjent for å vera fruktbar på eple, pærer, plommer, morellar – og barn!

På dei to fruktgardane er det planta om lag 35.000 frukttre, og hovudsesongen går frå blomstringa i mai og til dei siste epla blir hausta i slutten av oktober. Då er det full aktivitet på øya, og opplevingane er mange og varierte for både auger, luktesans og ikkje minst for smakssansen!

Frå sommaren 2020 ønsker me velkommen små og større grupper til opplevingar på Helgøybakkane Fruktgard. Me kan skreddarsy opplegg etter ønske, alt frå familiedagar med enkle aktivitetar til firmaturar og selskap.

Eitt eksempel: Turen kan starta med båttur gjennom Ryfylkeøyane, før ein går i land på Helgøy. Her blir ein tatt med på ein rusletur gjennom frukthagane og opp mot toppen av øya. Smaksprøvar av saft og frukt høyrer sjølvsagt med! I enden av den største frukthagen ligg selskapslokalet Epleriet, der ein kan setja seg ned og nyta stemninga og utsikta over frukthagen og Fisterfjorden. Me serverer kaffi med noko attåt, eller annan mat etter avtale.

Stad
Location
Standort
Bli varsla om oppdateringar? OK Nei, takk