Den markerte fjellkollen Hjelmen ligg midt i Hjelmeland sentrum. Kollen ser ut som ein hjelm frå sjøsida, og slik har fasongen på kollen gjeve namn til både Hjelmen, det historiske namnet til Prestagarden (Hjelmeland), og seinare til Hjelmeland kommune.
Det er skilta og merka sti til Hjelmen frå fleire utgangspunkt i Hjelmeland sentrum. Du kan for eksempel gå frå Hjelmeland idrettsanlegg, Hjelmeland kyrkje eller frå parkeringsplassen i enden av bustadfeltet Prestagardsmarka.
Toppen av Hjelmen ligg 207 meter over havet, men utsikta er best frå rasteplassen og utsiktspunktet på vestsida. Der finn du òg ein rasteplass med kombinert scene og gapahuk, benker i amfi og steinskulpturen «Northern Winds». Denne skulpturen er ein del av turløypa «Skulp-turen».
Like ved gapahuken, kan du følgja ein umerka sti ned mot bustadfeltet Prestagarden i nord, eller ned vestsida av Hjelmen, til idrettsanlegget.
Turen tar omtrent ein times tid, avhengig av kva utgangspunkt og løype du vel.
Hjelmen, 4130 HJELMELAND