(Illustrasjon: Christian Laugaland Munthe)

Velkommen til vårt Hjelmeland

Vegard Terøy

Vegard Terøy

Ein klok mann sa ein gong: Det er berre éin stad som er ein verkeleg heim: Det er der eit menneske kjenner seg heilt trygg.

Eg trur det byrja då me gjekk på barneskulen, og det varte i alle fall til godt inn i ungdomsskulealderen. Kanskje lenger.

Eg veit ikkje heilt korleis det byrja. Det berre blei slik. Me sykla heimefrå om morgonen, langs Hetlandsvatnet og ned til Fister. Me stansa hos Dagfinn og kjøpte brus og litt å gomla på.

Etterpå sykla me opp bakken, til fotballbanen ved skulen. Me spelte i timesvis. Skaut, dribla, sprang og herja. Når me var varme nok, sykla me ned igjen til Dagfinn, kjøpte ein is, og så vidare til Stemmen, badeplassen i enden av Hetlandsvatnet.

Alle stader er ei saleg blanding av folk og geografi, hendingar og handlingar.

Me plaska rundt ei stund, dei tøffaste hoppa frå treet, og så var det på an igjen. Butikken, fotball, bading. Om og om igjen. Slik gjekk somrane. Det er
slike ting ein hugsar. 

Alle stader er ei saleg blanding av folk og geografi, hendingar og handlingar. For meg er Årdal sand og sauer. Randøy er brua og Krambulemmen. Hjelmeland sentrum er laurdagshandel og den kleine ungdomsskuletida. Nesvik er ferjekaien. Det kvite huset vårt i
Hetlandsbygda er heime, sjølv om eg har flytta ut og vekk.

Slik kan ein halda fram: Kvar stad har sitt særpreg. Om ein ser Hjelmeland kommune under eitt, er det lettare å skildra ein heilskap. Kommunen vår er laks og kveite, frukt og samfunnshus, Tomstad og Magnhild Meltveit Kleppa, ferjelemmar og bedehus, landbruk og jordbruk, fjell og fjord. Alle desse tinga er «mitt» Hjelmeland.

Dersom ein skreller vekk alle dei saklege tinga, som handlar om krig og fred og sånt, så må det å koma heim vera det mest komplekse kjensle-samansuriumet i eit menneskesinn.

Å koma heim skal vera å koma i tryggleik. 

Berre tanken på å koma heim kan fylla ei sliten sjel med ro. Det er som om me har vedteke at ordet «heim» skal vera assosiert med nyvaska flanell-sengetøy og lukta av kjøtkaker. Det dreier seg om minne, og om tilhøyrsle. Å koma heim skal vera å koma i tryggleik. 

I barndommen pleidde eg å gå på oppdagingsferd på ekrer i Hetlandsbygda saman med ein god kamerat. Det var berre to ting me frykta: Jerv og vêrar med store horn. Høyrde me rasling bak ein steingard, så sprang me heim i tryggleik så fort me kunne.

Me visste godt kva me var redde for, og det var truleg difor me høyrde det.
I verste fall var det ein sau bak gjerdet. Som regel var det ingenting.

Ofte er det slik, at me fryktar det verste, og tenkjer det verste om
situasjonar – og om folk… Me har ein utprega tendens til å generalisera, og til å frykta det ukjende.

Det er nye tider i verda, og Ryfylke er ikkje unntatt. Hjelmeland kommune-
styre har vedteke å busetja 15 flyktningar i 2015 og 25 flyktningar i 2016. Dei har reist frå det kjende, fordi det kjende var farleg, og inn i det ukjende: Inn i «vårt» Hjelmeland.

Dei veit ikkje kven Dagfinn eller Magnhild er, kor samfunnshuset ligg, kor ferja går eller korleis komle smakar. For dei er ikkje å koma til Hjelmeland det same som å koma heim. Men det kan bli nettopp det: ein heim.

Me kan alle gjera litt meir for at heimstaden vår skal vera god å koma til.

For dei fleste av oss er det stas at nokon synest det er koseleg å koma heim til oss. Me gjer oss flid for å ta vare på gjestene våre.

På same måte bør det vera med bygdene me bur i. Me kan alle gjera litt meir for at heimstaden vår skal vera god å koma til, ikkje minst for dei som har barndomsminna sine på ein annan kant av verda.  

Del:

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on email
E-post
Share on print
Print
mood_bad
  • Comments are closed.
  • MAGASIN

    Andre artiklar:

    Bygg og anlegg

    Graving og transport som livsstil

    Lars Gunnar Jansen (49) byrja sin yrkesaktive karriere for 33 år sidan. Han har drive med anleggsarbeid og kjørt lastebilar og gravemaskinar i meir enn halve livet. Jobben hans har blitt ein livsstil.

    Les meir »
    Fritid

    Drøymer om OL

    Tomas Krasikovas (30) er blant dei fire beste fektarane i Noreg. – OL er ein stor draum for meg, seier Tomas til Mitt Hjelmeland.

    Les meir »
    Samfunn

    Historia om Mitt Hjelmeland

    Idéen om Mitt Hjelmeland blei fødd 8. mars 2013: Vegard Terøy og Morten Hetland ynskte å servera eit lokalmagasin til innbyggarar, gjester og næringsliv i Hjelmeland kommune.

    Les meir »
    Samferdsel

    Storsatsing i Årdal Taxi

    Sjølv om mange distriktsdrosjar kringom i landet har blitt lagt ned dei siste åra, har Arild Torbjørnsen og Årdal Taxi valt å satsa på ei dobling av kapasiteten.

    Les meir »