RUTINERT: Kjell Johan Vigane har arbeidd på Ryfylke-vegane sidan 1974. Her inspiserer han lia over riksveg 13 ved Tysdalsstranda, saman med Mona Vareberg i Statens vegvesen, etter steinraset som gjekk her i februar 2011. (Foto: Morten Hetland)

Vegarbeidar i medgang og motgang

Morten Hetland

Morten Hetland

Kjell Johan Vigane (60) har arbeidd på og langs vegane i Ryfylke i snart 40 år. I medgang og motgang har han gjort sitt beste for å sikra trafikantane trygge og kjørbare vegar.

Som vegmeister i entreprenørkonsernet Mesta, har Kjell Johan Vigane vore nøydd til å læra seg å leva med både medgang og motgang. Han har fleire gonger fått kritikk når vegane ikkje har vore heilt ideelle, sjølv om han ikkje kan skuldast for det som «Moder Jord» måtte finna på. 

– Det har blitt mykje kritikk opp gjennom åra, sjølv om trafikantane burde vera klare over at me ikkje kan rå med vêret. Eg har vore nøydd til å læra meg å leva med klager. Det beste er å knyta nevane hardt saman, utan at nokon ser det, og telja til ti, seier Kjell Johan.

– Trafikantane skyt så snart det er ein glatt flekk på vegen, men det er ingen som takkar når me avverjar potensielle ulukker. Folk anar ikkje kor mykje det blir arbeidd med tryggleiken til folk flest, held han fram.

LENGTAR TILBAKE: Kjell Johan Vigane er fornøgd som vegmeister i Mesta, sjølv om han vedgår at han lengtar tilbake til Statens vegvesen.
– Eg håpar at Mesta går inn i Statens vegvesen igjen før eg går av med pensjon, seier Kjell Johan.

FRÅ SPRENGING TIL VEDLIKEHALD

Kjell Johan fekk ein dramatisk start på sin yrkesaktive karriere i  Statens vegvesen i 1974, då han var med på bygginga av Fossanetunellen, på dåverande riksveg 13 mellom Hjelmeland og Vormedalen.

– Eg byrja å arbeida på anlegget då eg var 21 år gammal. Når me kom om lag halvvegs inn i tunellen skulle eg bora inn i eit hol, men der låg det allereie dynamitt. Det small skikkeleg godt, og det kunne fort ha sett ein strek for karrieren i vegvesenet, men det gjorde det altså ikkje, fortel Kjell Johan.

Mykje av Kjell Johan sitt arbeid i vegvesenet dei første åra var sprengingsarbeid. Han hugsar godt då han i 1976 fekk arbeida med ein heilt ny borerigg.

– Då arbeidet med Fossanetunellen var ferdig, flytta eg boreriggen vidare til veganlegget mellom Nesvik og den gamle ferjestøa i Vindsvik, der eg borte og skaut av dynamittsalver kvar dag i 15 år. Det siste store veganlegget eg var med på, var det to år lange prosjektet på vegen mellom Lauvvik og Høllesli. Då dette prosjektet var ferdig gjekk eg over til å driva med vedlikehald av vegane i distriktet, fortel vegmeisteren.

Folk anar ikkje kor mykje det blir
arbeidd med tryggleiken til folk flest.

Kjell Johan Vigane, vegmeister i Mesta

For å koma over til avdelinga for vedlikehald, måtte Kjell Johan søkja stilling som høvelførar. I om lag to-tre år kjørte han veghøvel, og vart seinare vedlikehaldsformann i Statens vegvesen. Sjølv om han primært skulle driva med vegvedlikehald, var han òg med på nokre mindre vegprosjekt, mellom anna på Byrkja og Randøy, og i Målandsdalen og Forsand.

Då produksjonsverksemda i Statens vegvesen vart skilt ut som eige aksjeselskap, og etablert som Mesta i januar 2003, vart stillinga til Kjell Johan etter kvart døypt om til vegmeister, ein tittel han deler med tre andre i dette distriktet.

– I Høgsfjordkontrakten – som omfattar kommunane Hjelmeland, Strand, Forsand, Gjesdal og Sandnes – er me til saman fire vegmeistrar som har vakt kvar tredje helg og kvar tredje veke. Det er eit stort geografisk område, med kilometervis med vegar, så i periodar med dårleg vêr er eg mest ikkje heime mellom arbeidsoppgåvene, seier Kjell Johan.

Då han gjekk frå anleggsarbeid til vedlikehald på 1980-talet var det vel 40 mann stasjonerte ved vegstasjonen på Tau, men no er Kjell Johan åleine igjen. Mykje av arbeidet er flytta til underentreprenørar. Kjell Johan skryt heilhjarta av dei mange gode arbeidarane som er med på laget.

SAMARBEID: Vegmeister Kjell Johan Vigane (t.v.) må samarbeida med både Statens vegvesen og andre entreprenørar for å rydda riksveg 13 ved Tysdalsstranda, etter steinraset som gjekk her i februar 2011. (Foto: Morten Hetland)

– MYKJE BETRE I VEGVESENET

Sjølv om han no arbeider i Mesta, er det logoen til Statens vegvesen som er tatovert inn i den høgre overarmen hans. Med Statens vegvesen på armen og Mesta på bilen, legg Kjell Johan kvart år bak seg 50.000-60.000 kilometer. Om vintrane er det vegmeistrane som kontrollerer vegane og avgjer når det skal brøytast, strøyast og/eller saltast. Når snøen forsvinn og det går mot sommar, har vegmeistrane ansvar for kantslått og slått i grøntrabattar, lapping av vegar, klargjering for asfaltlegging, søppeltøming, vakthald for venteromma og anna tilleggsarbeid i grøfter og vegkantar.

– Mesta er førebels eit statleg selskap, så me er heile tida på oppdrag for Statens vegvesen. Arbeidsoppgåvene er svært varierte, og det er ingen arbeidsdagar som er like, fortel Kjell Johan.

Etter at Mesta vart skilt ut som eit eige selskap, har vegmeistrane fått omfattande avtalar og prisar å forholda seg til. Kjell Johan tykkjer det var betre i Statens vegvesen, og han håpar at Mesta går inn i vegvesenet igjen før han går av med pensjon.

Nå må me bruka vanvittig mykje meir tid på
dokumentasjon, oppfølging og papir på alt mogleg.

Kjell Johan Vigane, vegmeister i Mesta

– Alle oppdrag blir no avtalte ut frå oppdragsmengde og pris, og ingen gjer noko meir enn dei får betalt for. Mesta er på mange måtar blitt langt meir kommersielt, så no må me bruka vanvittig mykje tid på dokumentasjon, oppfølging og papir på alt mogleg, seier vegmeisteren. Likevel tykkjer han at samarbeidet fungerer på eitt vis. Sjølv om det er Statens vegvesenet som må ta avgjerder om stenging av vegar, lyttar dei alltid til råda frå vegmeisteren. I dei fleste tilfelle går alt på skinner, men diverre ikkje alltid, forklarer Kjell Johan, medan han tenkjer tilbake på dødsulukka i Tysdalsstranda vinteren 2010, ei oppleving han helst ville vore utan.

– Tysdalsstranda er rasutsett både sommar og vinter. Me styrer verken med vêrtilhøve eller isras, og vil slett ikkje oppleva at nokon blir drepne i trafikken, seier Kjell Johan med ei alvorleg mine. Det er tydeleg at han er prega av ulukka.

Sjølv då riksvegen vart stengt etter dødsraset vinteren 2010, kjørte Kjell Johan fast patrulje på den rasfarlege strekninga for å følgja med på situasjonen. Slike patruljar ser han fram til å sleppa frå hausten av.

– Dei kjekkaste minna frå jobben min har vore å kunna opna nye flotte vegar med gul midtstripe, eller å leggja ny asfalt på slitne vegar. Noko av det beste eg kjem til å oppleva i jobben er å få tunella i Tysdalsstranda, slik at me får unngå den rasfarlege strekninga der. Eg ser allereie føre meg ei godt opplyst tunell med stor tunellopning, tørr vegbane, kvite kantstriper og gul midtstripe, seier vegmeister i Mesta, Kjell Johan Vigane, med eit lengtande blikk.

Del:

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on email
E-post
Share on print
Print
  • Ingen kommentarar.
  • Skriv ein kommentar
    MAGASIN

    Andre artiklar:

    Samferdsel

    Att og fram i 50 år

    MF «Jøsenfjord-ferjen» var det siste som mangla for å kunna opna Ryfylkevegen mellom Sandnes og Sand i 1965. I 50 år har ferjene skyssa bilar og passasjerar trygt over fjorden.

    Les meir »
    Fritid

    Vil bli trener på heltid

    En ferietur til Norge resulterte i fulltidsjobb hos Sterling White Halibut og trenerverv i Hjelmeland Idrettslag. Nå har Marcin Wodka (31) ambisjoner om å bli fotballtrener på heltid.

    Les meir »
    Ut på tur

    Segnomsuste Tverrgjøvle

    Me er heldigvis rikt velsigna med flotte og interessante turmål i vår del av landet. Når ein får spørsmål om å velja seg ein tur, ja, så er utvalet stort.

    Les meir »
    Samferdsel

    Storsatsing i Årdal Taxi

    Sjølv om mange distriktsdrosjar kringom i landet har blitt lagt ned dei siste åra, har Arild Torbjørnsen og Årdal Taxi valt å satsa på ei dobling av kapasiteten.

    Les meir »
    Kultur

    Ærverdige Vigatunet

    Ryfylkemuseet sitt museumstun i Viga har høg kulturhistorisk verdi. Dei fleste museumsbygningane i Viga dannar eit tett tun, som har stått slik sidan 1821.

    Les meir »