FRISK I FRILUFT: Vandrarprest Ingebjørg Vik Laugaland trivst med å vera ute i naturen. I høgda får ho godt oversyn på både livet og skaparverket, og tek gjerne med seg andre folk på slike opplevingar. (Foto: Morten Hetland)

På vandring i Guds frie natur

Vegard Terøy

Vegard Terøy

Vandrarprest Ingebjørg Vik Laugaland (44) dreg med seg folk på tur i skog og mark. Målet er å gå rikare vidare.

Som bonde og fjellmenneske har Ingebjørg lang erfaring innan både jakt, klatring, friluftsliv og sauedrift.
Ho har òg vore turleiar i Den Norske Turistforeininga sine sommar- og vinterturar i ei årrekkje.

UNIKT KONSEPT

Etter fullført teologistudium i Noreg, Tyskland og Tanzania, jobba ho som prest i 15 år, mellom anna på prærien i USA. For nokre år si la ho prestekragen på hylla, og satsa for fullt på eige føretak, med base på garden Gjessfjell.

– Vandrarpresten er ei merkevare og namnet på føretaket mitt. Den første delen av namnet viser til vandring i konkret eller i overført betyding, medan den siste delen refererer til bakgrunnen min som prest, samt til produkta eg tilbyr. Målet for turane, samtalane og gjestene, er at me alle går rikare vidare – på den eine eller den andre måten, uttalar Ingebjørg. 

UTSYN: I ei hengekøye med utsikt over flott natur- og kulturlandskap, kan ein ta seg tid til å tenka over både smått og stort. Og etterpå kan ein gå rikare vidare. (Foto: Morten Hetland)

Vandrarpresten skreddarsyr opplevingar og aktivitetar etter kundane sine behov, og arrangerer alt frå sporjakt og sauesanking til foredrag og seminar. Ho driv med lagbygging, og har vanskelege samtalar med menneske i krise. Arbeidet er variert, men opplevingar i naturen står sentralt. Ein heilt vanleg turleiar er ho likevel ikkje.

– Det finst mange turleiarar, men berre éin vandrarprest, slår ho smilande fast.

Ingebjørg fortel at formidling av kristentrua sjeldan er ein del av oppdraga, men at trua ofte blir ein naturleg del av samtalane. Natur og tru er vesentlege delar av livet til Ingebjørg, og heng tett saman med kvarandre. Ho opplever at mange set pris på å snakka om dei store tinga i livet.

– Gjestene mine assosierer meg ofte med religion i samband med natur. Dette er interessante tema som eg gjerne drøftar, men berre etter initiativ frå gjestene, seier ho.

SKOG OG MARK: Ingebjørg har byta ut preikestolen i kyrkja med skog og mark. (Foto: Morten Hetland)

MED TRUA I SEKKEN

Sjølv om preikestolen i kyrkja er byta ut med skog og mark, er trua framleis ein viktig del av livet til Ingebjørg. Trua er med ho, anten ho er i heia med sauene, vandrar i skogen, leitar etter dyrespor eller nyt utsikta med familien på Gjessfjell.

– For meg er trua like sjølvsagt som pusten. Trua er der… same kor eg er, eller går, same kva eg gjer, eller kva rolle eg har. På denne måten er trua ein viktig del av meg, både i rolla som mor, bonde og vandrarprest. 

Ingebjørg er allereie klar med planar for ein travel sommar. Ho skal mellom anna arrangera turar til Ritlandskrateret,  og i år som i fjor har ho laga eit ferietilbod for aktive skuleborn.

– Tilbodet er inspirert av dei gode minna frå Ryfylke-sommaren i oppveksten min. Eg kallar det «Sommarveker med Vandrarpresten». I to veker skal eg ta med meg born i aldersgruppa 1.-4. klasse på tur i skog og mark, fortel den spreke 44-åringen.

SPREK VANDRAR: Ingebjørg likar seg best ute i naturen, og tar gjerne med seg andre på tur. (Foto: Morten Hetland)

I tida som kjem har Ingebjørg mange planar. Mellom anna ynskjer ho å bidra til marknadsføring av kommunen, slik at fleire får oppleva den vakre naturen i området. Noko latmannsliv blir det altså ikkje tid til.

– Eg vil bruka muligheitene som ligg i Nasjonal Turistveg Ryfylke. Her er me fleire som jobbar saman, noko som er både verdifullt og meir effektivt enn å jobba åleine. Tenk berre på alle som køyrer forbi oss, utan å vite kor kjekt dei ville fått det dersom dei stoppa hjå oss, avsluttar vandrarprest Ingebjørg Vik Laugaland entusiastisk.

Oppdatering 10. februar 2017:

Ingebjørg har flytta til Vang i Valdres, der ho har fått jobb som sokneprest.

Del:

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on email
E-post
Share on print
Print
  • Ingen kommentarar.
  • Skriv ein kommentar
    MAGASIN

    Andre artiklar:

    Fritid

    Vil bli trener på heltid

    En ferietur til Norge resulterte i fulltidsjobb hos Sterling White Halibut og trenerverv i Hjelmeland Idrettslag. Nå har Marcin Wodka (31) ambisjoner om å bli fotballtrener på heltid.

    Les meir »
    Fritid

    Drøymer om OL

    Tomas Krasikovas (30) er blant dei fire beste fektarane i Noreg. – OL er ein stor draum for meg, seier Tomas til Mitt Hjelmeland.

    Les meir »
    Samferdsel

    Att og fram i 50 år

    MF «Jøsenfjord-ferjen» var det siste som mangla for å kunna opna Ryfylkevegen mellom Sandnes og Sand i 1965. I 50 år har ferjene skyssa bilar og passasjerar trygt over fjorden.

    Les meir »
    Fritid

    – Eg vil gjera ein forskjell

    Mange vaksne seier at dagens ungdom er late. Det er ikkje heilt sant. Lars Martin Riskedal (17) er ein av mange ungdommar som engasjerer seg i frivillig arbeid.

    Les meir »
    Mat og drikke

    Nisjeprodukt frå Jøsneset

    I haust blir det slakta 100 villsaulam og 14 jersey-kalvar frå garden til Silje Sværen på Jøsneset. På nabogarden tappar Jostein Hjorteland 7.000 liter eplemost kvart år.

    Les meir »