Sider-safari

Bestill båtskyss Helgøy Skyssbåt frå Stavanger til Skiftun, og kjøp sider frå Buhagen i Krambua på Skiftun.

Reis vidare til Hjelmeland, der Dan Olav på Apal Sideri tar deg med på omvising på Sæbø. Du får òg høyra historier frå Sæbø, og smaka på dei ulike sider-typane.

Derifrå legg ein ut på ein 5 km lang spasertur til OmCider, der det òg blir omvising og sidersmaking.

Avslutt dagen med ein 6-rettars middag hjå Smaken av Ryfylke.

Overnatting i idylliske gardshus på Fossane gard.

Bli varsla om oppdateringar? OK Nei, takk