YNSKJER VELKOMMEN: Fleire dagar i veka gjennom heile sommaren ynskjer Hanne Sundbø velkommen til salsutstilling i Galleri Eldhuset, i eit restaurert eldhus midt i tunet på fjellgarden Hagalid. (Foto: Morten Hetland)

Opnar kunstgalleri

Morten Hetland

Morten Hetland

Hanne Sundbø har valt å satsa på kulturbasert næring heime på garden Hagalid. I juni opnar ho døra til Galleri Eldhuset. – Eg håpar huset kan kle moderne kunst, seier Sundbø.

Etter fleire år som dagleg leiar i Reisemål Ryfylke ville Hanne Sundbø prøva noko nytt. Ho jobbar mellom anna med å utvikla ulike opplevingskonsept for grupper, og allereie 15. juni opnar ho Galleri Eldhuset heime på garden Hagalid.

På midten av 1990-talet vart det falleferdige eldhuset på garden restaurert på sin opphavlege grunnmur. Berre dei sju øvste tømmerstokkane vart brukte vidare, og det vart mura ein flott peis.

RESTAURERT: Hanne Sundbø viser fram interiøret i det restaurerte eldhuset på Hagalid, som nå skal fungera som kunstgalleri. (Foto: Morten Hetland)

– Eldhuset vart seinare berre brukt til familiesamkomer, men sist vinter fekk eg lyst til å gjera eldhuset om til eit kunstgalleri. Utstoppa dyrehovud og antikvitetar vart flytta inn i løa, og eg byrja å tilpassa eldhuset innandørs, fortel Hanne Sundbø, som har brukt våren på å gje den 24 kvadratmeter store bygningen eit ansiktsløft av dimensjonar.

På tømmerveggane heng alt frå stålskulpturar og dyrehovud, til biletkunst og hyller med flotte glas i ulike storleikar. Golvhellene og den staselege peisen er impregnert, og får ein særprega glød i lyset frå halogenlampene i taket.

GLASKUNST: Blåst glasfisk og amplar, laga av Trine Sundt i Stavanger Glassblåseri. (Foto: Morten Hetland)
RAKU: Tove Sundt-Hansen har laga desse bileta – «Skyggerapport» og «Tro» – i rakubrunne steingods. (Foto: Morten Hetland)

Utstillinga rommar alt frå nøktern brukskunst til ein overkommeleg sum, til flotte skulpturar, relieff og unike bilete med prislapp på fleire tusen kroner.

Atmosfæren i rommet er spesiell, der ein står midt mellom kunstverk i alle prisklassar; alt frå små handblåste glasting, grafikk og fargerike skåler og koppar, til sølvsmykke, skulpturar og unike små og store bilete i den eksklusive prisklassen.

I årets sommarutstilling er det mellom anna bidrag frå dyktige kunstnarar som Lise Birkeland (biletkunst og stålskulpturar), Tove Sundt Hansen (akvarell og raku-brunne steingods), Anna Mary Bolstad (skjerf og puter), Artwear by Gro (kunsttrykk på dameklede), Fionas Sølv-smie (sølvsmykke), Anna Kristin Ferking (biletkunst), Tone Fleche (litografitrykk) og Trine Sundt (handblåste glasfigurar, amplar, flasker, skåler og glas i ulik storleik). Sistnemnde har òg laga ein eigen vinglasserie med, eitt glas for kvar kommune i Rogaland.

BRUKSKUNST: Fargerike skåler og koppar og krus med og utan hank, laga av Brink & in’t Veld Keramikk i Stavanger. (Foto: Morten Hetland)
DYREHOVUD: Brink & in’t Veld Keramikk har laga desse morosame heste-, saue- og fiskehovuda i keramikk. (Foto: Morten Hetland)

– Etter kvart som det kjem inn endå meir kunst, trur eg nok at det skal bli fullt med spikrar i tømmerveggane, smiler gallerist Hanne Sundbø, som gler seg til opninga.

Galleriet har ope fleire dagar i veka gjennom heile sommaren.

Oppdatering 1. juni 2022:

Hanne Sundbø har nå avslutta drifta av galleri på Hagalid.

Del:

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on email
E-post
Share on print
Print
  • Ingen kommentarar.
  • Skriv ein kommentar
    MAGASIN

    Andre artiklar:

    Kultur

    Ærverdige Vigatunet

    Ryfylkemuseet sitt museumstun i Viga har høg kulturhistorisk verdi. Dei fleste museumsbygningane i Viga dannar eit tett tun, som har stått slik sidan 1821.

    Les meir »
    Sørvis

    Lokalbank på stø kurs

    Hjelmeland Sparebank viser stadig til gode resultat, og held samstundes fram arbeidet med å vera ein viktig bidragsytar i nærmiljøet.

    Les meir »
    Mat og drikke

    Nisjeprodukt frå Jøsneset

    I haust blir det slakta 100 villsaulam og 14 jersey-kalvar frå garden til Silje Sværen på Jøsneset. På nabogarden tappar Jostein Hjorteland 7.000 liter eplemost kvart år.

    Les meir »
    Fritid

    – Eg vil gjera ein forskjell

    Mange vaksne seier at dagens ungdom er late. Det er ikkje heilt sant. Lars Martin Riskedal (17) er ein av mange ungdommar som engasjerer seg i frivillig arbeid.

    Les meir »