VEKST: Hjelmeland Sparebank – lokalbanken midt i hjarta av Ryfylke – har opplevd vekst og optimisme dei siste tiåra. (Foto: Morten Hetland)

Lokalbank på stø kurs

Vegard Terøy

Vegard Terøy

Hjelmeland Sparebank viser stadig til gode resultat, og held samstundes fram arbeidet med å vera ein viktig bidragsytar i nærmiljøet.

Hjelmeland Sparebank er ein sjølvstendig bank med hovudkontor i Hjelmeland, og har i tillegg ein filial med bank og eigedomsmekling på Jørpeland. Røtene kan sporast heilt tilbake til 1907, då Hjelmelands Kommunebank vart oppretta. Snautt tjue år seinare vart namnet endra til Hjelmeland nye Sparebank, og frå 1953 har banken sitt namn vore Hjelmeland Sparebank.

Hjelmeland Sparebank er no éin av 78 bankar i Eika Gruppen, og tek sikte på å tilby alle tenester ein forventar å finna i ein bank. Som sjølverklært Ryfylke-bank ynskjer dei primært å nå ut til kundar i Hjelmeland, Strand, Forsand, Suldal og Finnøy. 

Hjelmeland Sparebank

Dagleg leiar: Súsanna Poulsen
Styreleiar: Gunnar Eilefstjønn 
Årsverk: 20
Resultat før skatt (2012): kr 26.325.000
Eigarar: Bankar i Eika Gruppen (85 %), lokale investorar (13,5 %) og Hjelmeland Sparebank og banken sine tilsette (1,5 %).

LØNN FOR STREVET

Dei siste tiåra har hovudsakleg vore prega av optimisme for Hjelmeland Sparebank. Likevel held banksjef Súsanna Poulsen beina godt planta på jorda.

– 2012 har nok vore eit godt år for dei fleste bankane i Noreg. Sånn sett er vel ikkje Hjelmeland Sparebank sitt resultat så spesielt. Me er likevel godt fornøgde med å ha eit like godt eller betre resultat enn dei bankane me vanlegvis samanliknar oss med. Dette ser me både på betre inntening (betre rentenetto) og i lågare kostnader (kostnadsprosenten). Banken er no der me meiner at me normalt bør vera, under dei ramevilkåra som me har akkurat no, fortel Poulsen.

Hjelmeland Sparebank ynskjer å vera
det naturlege bankvalet for alle i Ryfylke.

Súsanna Poulsen, banksjef i Hjelmeland Sparebank

Banksjefen er samstundes klar på at dei gode resultata ikkje kjem av seg sjølv. Ho peikar mellom anna på godt kvalifiserte og lojale tilsette som ein vesentleg faktor for dei gode tala. 

– Våre tilsette har stor tillit hjå kundane våre, noko me er svært glade og stolte over. Ein annan viktig faktor er at me er ein lokalbank, rotfast i Ryfylke. Kundane kjenner oss og me kjenner kundane, vegen til ei avgjerd er difor kort i dei aller fleste sakene me behandlar. Me er ein bank som har tent lokalsamfunnet vårt i over hundre år, ei oppgåve me vil halda fram med inn i framtida.

KJØRER PÅ: Hjelmeland Sparebank kjører på med fullt trøkk, som sjølvutnemnt Ryfylkebank. Banksjef Súsanna Poulsen rosar dei tilsette for jobben dei gjer. På panseret sit Børge Oanes, banksjef Súsanna Poulsen sit trygt i førarsetet og Odd Øvstebø kikkar gjennom bildøra. Bak frå venstre: Roar Haualand, Aslaug Warland Ur, Ellen Mari Fosså, Raushan Landa, Helge Torsteinsen, Maren Apeland Breiland, Bjørn Bog, Karin Sande Breiland og Aina Nedrebø Århaug. (Foto: Morten Hetland)

LOKAL STØTTESPELAR

Det gjeldande regelverket opnar for at alle sparebankar kan gje gåver til allmennyttige føremål, men bankane kan sjølv velja korleis dei disponerer midlane i sine gåvefond. I fjor delte Hjelmeland Sparebank ut 1,5 millionar til slike føremål. I tillegg sponsar dei kvart år organisasjonar og lag, hovudsakleg innan idrett. Banksjefen er klar på at det er viktig å bidra i nærmiljøet. 

– Sidan me er ein lokalbank, har me òg god kjennskap til aktivitetane som rører seg i nærområda våre. Ut frå dette kan me lettare vurdera kva me ynskjer å støtta. Med dei reglane som no gjeld, for til dømes gåvetildeling, kan me yta betre støtte på sterkt varierande storleik. Me har til dømes løyvd inntil 3 millionar kroner til utbygginga av Hjelmeland Idrettsanlegg. Me har gjeve støtte til utbetring av kledning, kjøkken og toalett på fleire bedehus, til Hjelmeland Røde Kors sin redningsbil, årleg støtte til Hjelmen 4H og biblar til konfirmantane, for å nemna noko, seier banksjef Poulsen.

HOVUDSPONSOR: Hjelmeland Sparebank er mellom anna hovudsponsor for Hjelmeland Idrettslag, og viser difor godt igjen på fotballdraktene deira. (Foto: Morten Hetland)

Banksjefen peikar òg på viktigheita av å nytta ressursane som finst i nærmiljøet. Sjølv om mange av oppgåvene krev at banken må bruka system og utstyr som blir leverte frå store felles leverandørar i og utanfor Eika Gruppen, oppmodar Poulsen til å leita lokalt når ein treng noko. 

– Det fell naturleg for oss å vera ein viktig støttespelar i lokalsamfunnet. Me vil oppmoda alle som bur i Ryfylke til å bruka dei lokale leverandørane aktivt, for å bidra til å ta vare på dei lokale tilboda. Dersom me ikkje gjer dette, kan me alle bli fattigare, når lokale bedrifter må leggja ned verksemdene sine.

SPENT PÅ RYFAST

Ryfylke skal i 2019 vera tilknytta Stavanger med verdas lengste undersjøiske tunnell, og dermed blir premissane for både næringsliv og privatpersonar endra. Poulsen fortel at konsekvensane av Ryfast blir spanande, men framtida er vanskeleg å spå. Banksjefen har likevel nokre idéar om utviklinga etter Ryfast.  

– Me ser at avstanden frå heimen til jobben er ein viktig faktor for valet av kor ein vel å busetja seg. Ryfast vil ikkje gjera vegen til Stavanger kortare i distanse, men tidsbruken blir dramatisk redusert, noko som, saman med andre vegprosjekt i vår kommune, vil gjera det mogleg å bu på Hjelmeland og pendla til Stavanger, seier Poulsen. Ho har òg tankar om korleis tunellen vil påverka framtida til banken, og er klar på at den lokale tilknytinga blir ekstra viktig når Hjelmeland blir tettare bunden til omverda. 

– Før Ryfast er ferdig vil det sikkert ha vore fleire fastlandsdiskusjonar, både nordover og utover Ryfylkeøyane. På lengre sikt ser me føre oss ein ferjefri veg i alle retningar. Ei slik utvikling kan òg føra til at andre bankar viser større interesse for å satsa i vårt område. I så fall vil me synleggjera kor viktig det er å ha oss som ein rotfesta lokalbank, og vera til stades for kundane våre, meiner ho. 

FOKUS PÅ KUNDANE

Poulsen skildrar Hjelmeland Sparebank som ein veldriven bank, der balansert og nøkterne haldningar har vore
kjennemerke for drifta. Ho rettar ein takk til lojale kundar, som gjennom mange år har vist banken stor tillit.

– Kva kjenneteiknar Hjelmeland Sparebank?

– Ein god arbeidsplass! Eg er stolt av å ha vore 17 år i denne bedrifta, og håpar å kunna halda fram i mange år. Me er ein bank som er oppteken av nærleik til kundane, samt å vera løysningsorientert og tilpassingsdyktig. Rådgjevaren din er aldri lenger enn éin telefon unna. Me arbeider heile tida med å bli betre, og ynskjer å vera det naturlige bankvalet for alle i Ryfylke, konkluderer Súsanna Poulsen, banksjef i Hjelmeland Sparebank. 

Del:

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on email
E-post
Share on print
Print
  • Ingen kommentarar.
  • Skriv ein kommentar
    MAGASIN

    Andre artiklar:

    Samferdsel

    Storsatsing i Årdal Taxi

    Sjølv om mange distriktsdrosjar kringom i landet har blitt lagt ned dei siste åra, har Arild Torbjørnsen og Årdal Taxi valt å satsa på ei dobling av kapasiteten.

    Les meir »
    Mat og drikke

    Nisjeprodukt frå Jøsneset

    I haust blir det slakta 100 villsaulam og 14 jersey-kalvar frå garden til Silje Sværen på Jøsneset. På nabogarden tappar Jostein Hjorteland 7.000 liter eplemost kvart år.

    Les meir »
    Samfunn

    Historia om Mitt Hjelmeland

    Idéen om Mitt Hjelmeland blei fødd 8. mars 2013: Vegard Terøy og Morten Hetland ynskte å servera eit lokalmagasin til innbyggarar, gjester og næringsliv i Hjelmeland kommune.

    Les meir »
    Bygg og anlegg

    Graving og transport som livsstil

    Lars Gunnar Jansen (49) byrja sin yrkesaktive karriere for 33 år sidan. Han har drive med anleggsarbeid og kjørt lastebilar og gravemaskinar i meir enn halve livet. Jobben hans har blitt ein livsstil.

    Les meir »