Informasjon

Hjelmeland skule held til i to bygningar innanfor kort gåavstand: barneskulen og ungdomsskulen.

Hjelmeland skule har som overordna mål å skapa god og varig praksis som aukar læringa til elevane.

Ungdomsskulen (8.–10. trinn) tar imot elevar frå barneskulane på Fister, Hjelmeland og Årdal, og har klasserom for to parallelle klassar på kvart trinn. I tillegg rommar ungdomsskulen naturfagsal, sløydsal, formingssal, mediatek med scene, elevrom med kiosk, skulekjøkken, garderobar og symjebasseng på 10×12,5 meter.

Hjelmelandshallen og Hjelmeland idrettsanlegg ligg òg innanfor skuleområdet, og blir brukt til kroppsøving for både ungdomsskulen og barneskulen.

På skuleplassen finn du ein ballbinge, sandvolleyballbane og skateramper. Turstien «Klungen rundt» går rundt skuleområdet, og svingar innom ein gapahuk med grillplass.

Ungdomsskulen har ca. 100–110 elevar og ca. 20 tilsette.

Stad

Ramsbu 11, Hjelmeland

Kategori
Følg oss
Location

Ramsbu 11, Hjelmeland

Categories
Follow us
Standort

Ramsbu 11, Hjelmeland

Kategorie
Folge uns