Informasjon

Hjelmeland skule held til i to bygningar innan kort gåavstand: barneskulen – som òg husar SFO – og ungdomsskulen.

Hjelmeland skule har som overordna mål å skapa god og varig praksis som aukar læringa til elevane.

Hjelmelandshallen og Hjelmeland idrettsanlegg ligg òg innanfor skuleområdet, og blir brukt til kroppsøving for både ungdomsskulen og barneskulen.

På skuleplassen finn du mellom anna klatrestativ, sandkassar, husker, basketballbane, grusbane og tarzanjungel. Turstien «Klungen rundt» går rundt heile skuleområdet, og svingar innom ein gapahuk med grillplass.

Barneskulen har ca. 110 elevar og ca. 20 tilsette.

Stad
Kategori
Følg oss
Location
Categories
Follow us
Standort
Kategorie
Folge uns