JOURNALISTAR: Morten Hetland, Nazir Safi, Geir Magne Staurland og Vegard Terøy var journalistar i Mitt Hjelmeland, medan Mitt Hjelmeland blei drive som lokalmagasin.
(Foto: Mitt Hjelmeland)

Historia om Mitt Hjelmeland

Morten Hetland

Morten Hetland

Idéen om Mitt Hjelmeland blei fødd 8. mars 2013: Vegard Terøy og Morten Hetland ynskte å servera eit lokalmagasin til innbyggarar, gjester og næringsliv i Hjelmeland kommune.

Denne helga i vinterferien – i mars 2013 – sette dei seg saman for å planlegga saker, utforma layouten og bli samde om konseptet Mitt Hjelmeland: Mitt Hjelmeland er 100 % Hjelmeland – om stort og smått, frå samfunnsliv, næringsliv og kvardagsliv, alt frå aktuelle spaltar til kuriøse innslag. Mitt Hjelmeland skal vera reklamefinansiert og gratis for lesarane.

I tillegg til at begge skulle vera journalistar, skulle Vegard fungera som redaktør, og Morten som dagleg leiar og marknadsansvarleg. Med seg på laget fekk dei òg Nazir Safi som journalist, samt fleire gjesteskribentar.

Vegard (t.v.) og Morten (t.h.) hadde tidlegare arbeidd som journalistar i lokalavisa Bygdaposten for Hjelmeland, og på den måten hadde dei fått både journalisterfaring, eit stort kontaktnettverk i heimkommunen, samt hjarter som banka for Hjelmeland.

(Foto: Vegard Terøy)

Det første oppdraget vårt var på Hjelmeland skule, der me skulle laga ein reportasje om Bokstavkongen. Bokstavkongen er utvikla av Halldis Eggebø Nessa (t.h.), og blei mellom anna brukt av lærar Harald Ommundsen (t.v) til å læra elevane bokstavane.

(Foto: Morten Hetland)

14. mars 2013 blei nr. 01/2013 sendt til trykking, og berre to veker seinare hadde alle i Hjelmeland kommune fått første utgåve av magasinet i postkassane sine. I dette magasinet skreiv me mellom anna om Vandrarpresten Ingebjørg Vik Laugaland, Hjelmeland Sparebank, fotballtrenar Marcin Wodka, Galleri Hagalid, Bokstavkongen og hjelpekorpsmedlem Lars Martin Riskedal.

I juli 2013 starta me arbeidet på ein større reportasjeserie om havbruksnæringa i Hjelmeland, der me ville visa vegen frå fjord til bord – eller rettare sagt frå smolt til laksemiddag. Her er redaktør og journalist Vegard Terøy (t.v.) i samtale med Lars A. Frønsdal, som då var driftsleiar ved Fister Smolt.

(Foto: Morten Hetland)

I løpet av sommaren fekk me med oss Geir Magne Staurland som journalist, og frå og med august 2013 satsa me på nettavis i tillegg til det trykte magasinet.

I september blei nr. 02/2013 av magasinet distribuert i alle postkassane i Hjelmeland. I tillegg til temasakene om havbruksnæringa, kunne lesarane bli betre kjende med ordførar Trine L. Danielsen (H), innvandrarar i Hjelmeland, performancekunstnar Liv Reidun Brakstad og Eventyrskogen.

I oktober 2013 starta arbeidet med neste magasin, der me mellom anna starta spalta «På bygdebesøk». Vårt første bygdebesøk gjekk til fruktøya Helgøy, der journalist Morten Hetland (t.v.) mellom anna møtte Helgøy-hovding Håkon Helgøy. Leon D. Schläwicke hadde arbeidsveke i Mitt Hjelmeland, og fekk vera med på fleire reportasjeoppdrag.

(Foto: Leon D. Schläwicke)

Hausten 2013 arrangerte Mitt Hjelmeland to skrivekonkurransar for 10. klassingane ved Hjelmeland skule. Øyvind Opdahl Viga vann novellekonkurransen med teksten «Jula som aldri vart gløymt». Christian Laugaland Munthe tok oppdraget med å illustrera vinnarbidraget, og dermed fann me vår nye, faste illustratør.

(Illustrasjon: Christian Laugaland Munthe)

18. desember 2013 blei ein merkedag for redaksjonen: Mitt Hjelmeland blei tildelt Hjelmeland kommune sitt utviklingsstipend for ungdom. Ordførar Trine L. Danielsen overrekte stipendet, som var pålydande kr 20.000.

(Foto: Eldfinn Austigard)

Grunna forseinka tollbehandling, blei nr. 03/2013 delt ut i løpet av romjula. I denne utgåva kunne ein mellom anna lesa om Helgøy, Årdal Taxi, gjengen bak Mitt Hjelmeland, Ritlandskrateret, Hjelmeland Ungdomsteater og ei oppsummering av viktige hendingar i 2013.

I januar 2014 formaliserte Morten Hetland og Vegard Terøy samarbeidet om Mitt Hjelmeland: «Mitt Hjelmeland skal produsera og formidla lokaljournalistikk av høg kvalitet – i form av både tekst, bilete og video – under mottoet 100 % Hjelmeland.» Natt til 9. februar nådde me 20.000 sidevisningar på nettavisa vår.

Det absolutt kjekkaste ved å laga lokalmagasin, er på møta nye folk. Her intervjuar Geir Magne Staurland sagbrukar Magnus Hovda, som driv Hovda Sag og Høvel.

(Foto: Morten Hetland)

7. april 2014 la me ut den hittil siste saka i nettavisa – «Gull og sølv til Jarand». Frå denne dagen satsa me heller heilt og fullt på magasinet, og nettsida blei degradert til eit arkiv med “gamle” nettavis-saker og nettversjonar av sakene frå magasinet.

I første halvdel av mai kom nr. 01/2014. Dette var eit temanummer om korleis det er å vera ung i Hjelmeland. I tillegg kunne ein lesa om ambulansetenesta i Hjelmeland, fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa, sagbruket Hovda Sag og Høvel, samt Jorunn Alvær Hauge, som jobbar som frisør, healer og refleksolog.

I juli 2014 kom nr. 02/2014, som var eit temanummer om familie. Her kunne ein mellom anna lesa om dei to tradisjonsrike jærstolfabrikkane i Hjelmeland, fosterbarn Bjørn Stian Ueland, familiebedrifta Ullestad og Jansen Transport, om hytteinnbyggarar i kommunen og om Øyvind Pedersen, som har vore aktiv i teatermiljøet i Hjelmeland i mange år.

I haustferien 2014 reiste journalist og fotograf Morten Hetland (t.v.) til Assisi i Italia, for å laga reportasje om Christian Vanvik (i midten), som følgde gutedraumen sin på fotballakademiet til Empoli FC. Med på lasset var òg Mitt Hjelmeland sin innleigde fotballekspert, Sveinung Sandvik (t.h.).

Rett før juleferien 2014 kom nr. 03/2014, som var eit temanummer om naturressursar. Her kunne ein mellom anna lesa om sandindustrien i Årdal, vasskraftanlegget Ulla-Førre, gallerist Hanne Sundbø, musikar Kjartan Steingrimm Øvrehus og lastebilsjåfør Edel Gausland.

Nr. 01/2015 blei gjeve ut i mai 2015. Dette var eit temanummer om fortid og framtid, og her kunne ein mellom anna lesa om Mikals Laks, bulystprosjektet på Jøsneset, Nazir Safi sitt kulturmøte med Årdal og Noreg, teaterinstruktør Laila Øvrehus, ferjesambandet over Hjelmelandsfjorden og Christian Vanvik sin fotballdraum.

Historias siste utgåve av Mitt Hjelmeland (nr. 02/2015) blei gjeve ut og distribuert rett før juleferien 2015. Redaksjonen takka for seg på framsida. Frå venstre: Geir Magne Staurland, Vegard Terøy, Morten Hetland, Nazir Safi og Christian Laugaland Munthe.

I løpet av sommaren 2017 gjenoppstod Mitt Hjelmeland som ein nettportal med oversikt over bedrifter, offentlege institusjonar, attraksjonar, turtips og arrangement i Hjelmeland kommune. Heilt gratis for både bedrifter og sjåarar, og garantert 100 % reklamefritt for all framtid!

Etter prøvesesongen sommaren 2017, blei Mitt Hjelmeland lansert i ny drakt. I starten var dette ein guide for stader, interessepunkt, fagfolk og arrangement i Hjelmeland kommune. Bedrifter, lag og organisasjonar kunne sjølv registrera seg og leggja ut informasjon her, heilt gratis. Etter kvart blei kalenderen over arrangement teken bort, då Hjelmeland kommune begynte å publisera sin eigen arrangementskalender.

Sommaren 2020 kjøpte me domenenamnet visit-hjelmeland.no, slik at utanlandske gjester òg skulle finna fram til nettstaden vår.

I løpet av 2020 blei det gjort fleire oppgraderingar av mitt-hjelmeland.no. Mellom anna blei kartet – juvelen i samlinga vår – flytta til toppen av sida.

4. januar 2021 oppretta me Facebook-gruppa «Kven blir med å …?», der me prøver å legga til rette for at folk med tilknytting til Hjelmeland inviterer kvarandre med på lågterskel-aktivitetar. Same kveld blei Mitt Hjelmeland formelt stifta som ein frivillig organisasjon.

Del:

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on email
E-post
Share on print
Print
mood_bad
  • Ingen vurderingar.
  • Skriv ein kommentar
    MAGASIN

    Andre artiklar:

    Ut på tur

    Segnomsuste Tverrgjøvle

    Me er heldigvis rikt velsigna med flotte og interessante turmål i vår del av landet. Når ein får spørsmål om å velja seg ein tur, ja, så er utvalet stort.

    Les meir »
    Samferdsel

    Att og fram i 50 år

    MF «Jøsenfjord-ferjen» var det siste som mangla for å kunna opna Ryfylkevegen mellom Sandnes og Sand i 1965. I 50 år har ferjene skyssa bilar og passasjerar trygt over fjorden.

    Les meir »
    Samferdsel

    Storsatsing i Årdal Taxi

    Sjølv om mange distriktsdrosjar kringom i landet har blitt lagt ned dei siste åra, har Arild Torbjørnsen og Årdal Taxi valt å satsa på ei dobling av kapasiteten.

    Les meir »
    Kultur

    Ærverdige Vigatunet

    Ryfylkemuseet sitt museumstun i Viga har høg kulturhistorisk verdi. Dei fleste museumsbygningane i Viga dannar eit tett tun, som har stått slik sidan 1821.

    Les meir »
    Mat og drikke

    Nisjeprodukt frå Jøsneset

    I haust blir det slakta 100 villsaulam og 14 jersey-kalvar frå garden til Silje Sværen på Jøsneset. På nabogarden tappar Jostein Hjorteland 7.000 liter eplemost kvart år.

    Les meir »