IVRIG: Lars Martin Riskedal har gjort mykje for Røde Kors i løpet av dei få åra han har vore medlem. No er han både hjelpekorpsar og styremedlem. (Foto: Morten Hetland)

– Eg vil gjera ein forskjell

Morten Hetland

Morten Hetland

Mange vaksne seier at dagens ungdom er late. Det er ikkje heilt sant. Lars Martin Riskedal (17) er ein av mange ungdommar som engasjerer seg i frivillig arbeid.

I snart tre år har Lars Martin stilt trufast opp på sanitetsvakter og redningsaksjonar kringom i Hjelmeland. Tidlegare i vår vart han valt inn som yngste varastyremedlem i både Hjelmeland Røde Kors og distriktsstyret i Rogaland Røde Kors.

INTERESSANT OG LÆRERIKT

– Arbeidet i Røde Kors er kjekt, interessant og lærerikt. Som raudekrossar har eg lært å vera på heia, søkja og redda folk, og ikkje minst mykje om førstehjelp. No får eg òg læra mykje om styrearbeid regionalt og lokalt. Eg føler at eg får bidra med noko, sidan eg får vera med på å hjelpa folk som treng oss på ulike måtar, seier den unge årdalsbuen, som i juni flyttar heim igjen for å gå i lære som røyrleggjar.

– Det aller kjekkaste i Røde Kors samanheng er å vera på heia, til dømes under påskevakta i Blåsjø-området. Her slepp me kvardagens kjas og mas, samstundes som me får bruka den flotte heia til å øva på søk og redning, held han fram.

FØRSTEHJELPSØVING: Lars Martin (t.h.) er markør under ei førstehjelpsøving på Hjelmeland, og skal simulera ei fallulukke. Sondre Fosså (t.v.) prøver å hjelpa. (Foto: Hjelmeland Røde Kors)

Hjelmeland Røde Kors har den siste tida vore gode på rekruttering. Det har resultert i relativt mange medlemmer under tjue år. Lars Martin hugsar godt korleis han vart rekruttert:

– Eg var med på Hjelmeland Ungdomsråd sin grøssartur i Trodla-Tysdal, der Hjelmeland Røde Kors var med som vakter. Utover kvelden tok eg og nokre kameratar kontakt med vaktene, og me snakka om arbeidet i Røde Kors. Dagen etterpå var det noko daudtid medan me venta på båtskyssen heim. Røde Kors-vaktene sette då i gang ein uhøgtidleg konkurranse, der tre-fire lag skulle konkurrera om å spjelka leggen på ein «pasient» nede ved elva, og laga båre til å bæra «pasienten» opp til hytta. Me greidde å laga ei solid båre som heldt heile vegen opp. Dette var så interessant og nyttig at eg valte å melda meg inn i hjelpekorpset, forklarer han.

PÅ SNØSKUTER: Lars Martin kjører snøskuter under påskevakta i 2012. (Foto: Hjelmeland Røde Kors)

– VIKTIG MED ENGASJEMENT

Den unge alderen hadde ingenting å bety for den komande karrieren i det lokale hjelpekorpset, og Lars Martin vart godt motteken frå første dag.

– Eg føler at eg var meir enn berre ei brikke, og vart stadig spurt om å vera med og hjelpast til. Det var vore ei kjekk tid. Eg lært mykje, og føler at eg har gjort noko viktig, i staden for å sløsa tida vekk på uviktige ting, tenkjer Lars Martin høgt, og fortel vidare at han har forventningar til arbeidet i styra.

– Det er viktig at ungdommane blir høyrde i styra, og då bør det vera med minst éin ungdom. Eg trur det er viktig at ungdommane lærer korleis ein driv styrearbeid. Me skal trass alt ta over ein gong i framtida, seier han, og legg til at Røde Kors så langt har gjeve han ei meiningsfull, lærerik og interessant fritid.

– Eg har hatt så mange positive opplevingar at eg utan tvil kan oppmoda andre til å bli medlem, og når ein først har blitt medlem, er det viktig å engasjera seg. Slik får ein glede og nytte av medlemskontingenten, i staden for å berre vera støttemedlem. Me treng alltid fleire som stiller opp. Det handlar om å gjera ein forskjell, slår raudekrossar Lars Martin Riskedal fast.

Del:

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on email
E-post
Share on print
Print
  • Ingen kommentarar.
  • Skriv ein kommentar
    MAGASIN

    Andre artiklar:

    Samfunn

    Historia om Mitt Hjelmeland

    Idéen om Mitt Hjelmeland blei fødd 8. mars 2013: Vegard Terøy og Morten Hetland ynskte å servera eit lokalmagasin til innbyggarar, gjester og næringsliv i Hjelmeland kommune.

    Les meir »
    Sørvis

    Lokalbank på stø kurs

    Hjelmeland Sparebank viser stadig til gode resultat, og held samstundes fram arbeidet med å vera ein viktig bidragsytar i nærmiljøet.

    Les meir »
    Fritid

    Drøymer om OL

    Tomas Krasikovas (30) er blant dei fire beste fektarane i Noreg. – OL er ein stor draum for meg, seier Tomas til Mitt Hjelmeland.

    Les meir »
    Fritid

    – Eg vil gjera ein forskjell

    Mange vaksne seier at dagens ungdom er late. Det er ikkje heilt sant. Lars Martin Riskedal (17) er ein av mange ungdommar som engasjerer seg i frivillig arbeid.

    Les meir »
    Mat og drikke

    Nisjeprodukt frå Jøsneset

    I haust blir det slakta 100 villsaulam og 14 jersey-kalvar frå garden til Silje Sværen på Jøsneset. På nabogarden tappar Jostein Hjorteland 7.000 liter eplemost kvart år.

    Les meir »