FEKTAR: Tomas Krasikovas fektar i verdstoppen. (Foto: Morten Hetland)

Drøymer om OL

Morten Hetland

Morten Hetland

Tomas Krasikovas (30) er blant dei fire beste fektarane i Noreg. – OL er ein stor draum for meg, seier Tomas til Mitt Hjelmeland.

Tomas Krasikovas (30) er utdanna fekte- og symjetrenar frå Lithuanian Sports University, men jobbar til dagleg som driftsteknikar på Fister Smolt. Han har tidlegare vore aktiv på det litauiske fektelandslaget, og er no blant dei beste fektarane i Noreg.

– Eg er ranka på 4. plass blant 89 norske kårde-fektarar, forklarer Tomas, som drøymer om ein billett til i OL i Rio de Janeiro.

– Viss eg slår ca. 30 andre fektarar i kvalifiseringskonkurransen i mars, har eg ein sjanse til å koma blant dei to beste, som får delta i OL, legg han til.

Kårde-fekting

Den største av dei tre greinene innan sportsfekting (kårde, florett og sabel).

Utøvaren får poeng ved å støyta kården i motstandaren med ei kraft på 750 gram.

Heile kroppen er gyldig treff-flate. Det blir altså poeng dersom ein treff både tåa, underarmen og hjartet.

I innleiande rundar blir det fekta i 5-støytskampar (først til fem poeng), eller i tre minutt effektiv tid.

I turneringsrundar og i finalane blir det fekta i 15-støytskampar over 3×3 minutt, med eitt minutt pause mellom kvar omgang.

Kjelde: The International Fencing Federation

SLUTTA ETTER TRE MÅNADER

Fektekarrieren til Tomas starta heime i Litauen, då Tomas var 13–14 år gammal, og ein fektetrenar besøkte skulen hans.

– Han spurde om nokre av oss ville trena fekting. Eg hadde ikkje peiling på kva det innebar, men blei likevel med. Etter tre månader med kjedeleg teknikk-trening kutta eg ut fektinga, smiler han.

Eg hadde ikkje peiling på kva det innebar, men blei likevel med.

Tomas Krasikovas

Men då trenaren fortalde at laget skulle delta i ei fekteturnering utanlands den same sommaren, bad Tomas om å få bli med igjen.

– Reisinga blei nok ein avgjerande motivasjon for å starta med fekting igjen. Etter kvart blei det mindre fokus på reising og meir fokus på fekting, og sidan den sommaren har fekting vore ein viktig del av livet mitt, forklarer
Tomas.

– FEKTING ER LIVET!

Då Tomas var i toppform, trena han minst éin time før skuledagen starta,
og gjekk rett på trening etter siste skuletime. Med to treningar kvar dag frå måndag til laurdag var det berre treningsfri på sundagen. I tillegg reiste
han ofte rundt for å delta i ulike konkurransar og turneringar nesten kvar veke.

Eg slo Rubén Limardo, som seinare vann gull i London-OL i 2012.

Tomas Krasikovas

– Då eg var på topp kom eg på 8. plass i juniorklassen i EM i 2003, fortel Tomas stolt, og fortel vidare om gullmedalje blant 283 deltakarar i ein stor, internasjonal fektekonkurranse i Tyskland i 2010.

– Då slo eg venezuelanaren Rubén Limardo, som seinare vann gull i OL i London i 2012.

I mai 2015 deltok Tomas i Nordisk Mesterskap for seniorar i Malmö, der han slo Bartosz Piasecki i semifinalen, og til slutt enda opp med delt 3. plass blant 103 deltakarar.

SIGRA OVER OL-VINNAR: Tomas (t.v.) gjekk til topps blant 283 deltakarar i den internasjonale turneringa Weisser Bär i Berlin i 2010. Her fektar han mot Rubén Limardo frå Venezuela, som to år seinare vann gull i OL i London. (Ukjent fotograf)

FYSISK OG MENTALT KREVJANDE

Tomas har ein veldig aggressiv fektestil, og går heile tida til angrep på motstandaren, for å vinna kampane så fort som mogleg.

– Det er fullt mogleg å vinna ein fektekamp i løpet av drygt ti sekund, men då må ein halda hovudet klart når det gjeld, forklarer Tomas.

– I fekting er det ikkje berre teknikk og fysisk trening som avgjer resultata. Det er først når ein greier å slappa av og behalda roen at ein kan oppnå gode resultat. Då nyttar det ikkje å stressa, slår han fast.

Det er først når ein greier å slappa av og behalda roen at ein oppnår gode resultat.

Tomas Krasikovas

Med over halvparten av livet sitt som aktiv fektar, deler Tomas velvillig
erfaringane sine med neste generasjon fektarar. Dei siste to åra har han trena kadettane og juniorane i Stavanger Fekteklubb to dagar i veka.

– I starten var nivået lågt, sidan klubben hadde mangla gode trenarar
over lengre tid. Etter at eg tok over, har nivået gradvis gått oppover.

Dei unge fektarane har no blitt så flinke at dei kan delta i turneringar og konkurransar.

– Det er utruleg kjekt for både vaksne og barn, som får treffa likesinna og nye venner. Fektemiljøet er godt, sosialt og inkluderande, skryt Tomas.

POLSK TURNERING: I 2010 blei Tomas (t.v.) éin av finalistane i den polske turneringa Puchar Barbakanu. Her støyter han kården i polske Zawrotniak Radoslav. (Ukjent fotograf)

FÅR ALLTID NYE SJANSER

Med kona som manager og støttespelar, og ekstrajobb som trenar for Stavanger Fekteklubb, greier Tomas å behalda fektinga som hobby.

– Då eg kom til Noreg i 2011 var kona og sonen igjen i Litauen, mens eg leita etter jobb og bustad. Alt var nytt for meg, og fektinga blei lagt på hylla. Etter to år sa kona mi at eg måtte starta med fekting igjen, så ho melde meg på eit fektestemne i Oslo. Der greidde eg å oppnå ein førsteplass blant om lag førti deltakarar, så det viste seg at teknikken framleis var på plass, smiler Tomas.

Men det stoppar ikkje der: I fjor kom Tomas på 21. plass blant 89 deltakarar i EM, og på 70. plass blant 248 deltakarar i verdscupen. Når han i tillegg er blant dei fire beste fektarane i Noreg, kan ein trygt slå fast at Tomas verkeleg tek hobbyen sin på alvor.

– Når eg vinn små konkurransar, får eg òg motivasjon til å vinna i større konkurransar. Men så er det heller ikkje så farleg om eg tapar, for eg får alltid nye sjansar, konkluderer Tomas Krasikovas.

Eg oppnådde ein førsteplass etter to års pause frå fektinga, så teknikken var framleis på plass.

Tomas Krasikovas

Del:

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on email
E-post
Share on print
Print
mood_bad
  • Comments are closed.
  • MAGASIN

    Andre artiklar:

    Fritid

    Drøymer om OL

    Tomas Krasikovas (30) er blant dei fire beste fektarane i Noreg. – OL er ein stor draum for meg, seier Tomas til Mitt Hjelmeland.

    Les meir »
    Kultur

    Ærverdige Vigatunet

    Ryfylkemuseet sitt museumstun i Viga har høg kulturhistorisk verdi. Dei fleste museumsbygningane i Viga dannar eit tett tun, som har stått slik sidan 1821.

    Les meir »
    Ut på tur

    Segnomsuste Tverrgjøvle

    Me er heldigvis rikt velsigna med flotte og interessante turmål i vår del av landet. Når ein får spørsmål om å velja seg ein tur, ja, så er utvalet stort.

    Les meir »
    Samferdsel

    Storsatsing i Årdal Taxi

    Sjølv om mange distriktsdrosjar kringom i landet har blitt lagt ned dei siste åra, har Arild Torbjørnsen og Årdal Taxi valt å satsa på ei dobling av kapasiteten.

    Les meir »
    error: Content is protected !!