LANG FARTSTID: MF «Hjelmeland» ligg til kai på Sande. (Foto: Morten Hetland)

Att og fram i 50 år

Morten Hetland

Morten Hetland

MF «Jøsenfjord-ferjen» var det siste som mangla for å kunna opna Ryfylkevegen mellom Sandnes og Sand i 1965. I 50 år har ferjene skyssa bilar og passasjerar trygt over fjorden.
TRUFAST KAPTEIN: Helge Røgenes har vore kaptein i Jøsenfjord-sambandet i
nesten 30 av sambandet si 50 år lange historie. I mars hadde han sine siste arbeidsdagar på MF «Hjelmeland». (Foto: Morten Hetland)

Ryfylkevegen blei formelt opna den 2. september 1965, men «Jøsenfjord-ferjen» hadde allereie gått i ordinær rutetrafikk mellom Vindsvik og Tytlandsvik frå 14. juni det same året.

Vegprosjektet Ryfylkevegen blei oppstarta tidleg på 1930-talet, og den etterlengta ferjaruta over Jøsenfjorden var den siste lekken som måtte på plass for å realisera vegprosjektet. «Jøsenfjord-ferjen» kosta 1,5 millionar kroner, og romma 200 passasjerar og 20 personbilar.

EI TRAFIKKPULSÅRE

Ryfylkevegen blei ei pulsåre gjennom Ryfylke. Den same dagen som ferjesambandet opna, starta Ryfylkeveiens Billag bussrute på strekninga Tau–Sand.

I sommarsesongen var det mykje trafikk i sambandet, men «i vintermånedene har trafikken vært heller liten», heitte det i årsmeldinga for 1965.

«JØSENFJORD-FERJEN»: MF «Jøsenfjord-ferjen», den første ferja i Jøsenfjord-sambandet, gjekk i trafikk mellom Tytlandsvik og Vindsvik frå 1965 til 1986. Ferja hadde plass til inntil 20 pbe. (Foto: Jürgen Stein)

Den same ferja gjorde sine trufaste turar att og fram mellom Tytlandsvik og Vindsvik i heile 21 år. I toppsesongen sommarstid gjekk det dei siste åra nokre mindre suppleringsferjer, mellom anna reserveferja «Foldøy» (før «Høgsfjord») hadde i fleire år oppdrag som suppleringsferje i sambandet.

Ferja i Jøsenfjord-sambandet gjekk mellom Tytlandsvik og Vindsvik heilt fram til 1. juni 1990, då sambandet blei flytta til strekninga Hjelmeland–Nesvik. Frå hausten 1991 kom òg Skipavik på Ombo med på rutenettet.

«HJELMELAND» I: MF «Hjelmeland» (40 pbe) trafikkerte mellom Tytlandsvik og Vindsvik i åra 1987-1990, og Nesvik–Hjelmeland frå juni 1990 til januar 1993. Ombo kom òg på rutenettet hausten 1991. (Foto: Bygdaposten for Hjelmeland)

NY FERJE OG NY KAI

I januar 1993 kom nye MF «Hjelmeland» siglande til Hjelmelandsfjorden, og avløyste forgjengaren med same namn. Kaptein Helge Røgenes flytta då over i sitt tredje skip i sambandet.

– Eg har vore kaptein i sambandet i 29 år, sidan MF «Rennesøy» kom som ny ferje i sambandet. Me har eit godt miljø om bord, så dagane går fort, seier Røgenes, som var administrerande kaptein på MF «Hjelmeland» fram til han gjekk av med pensjon 1. april i år.

– Eg byrja å jobba på sjøen i 1969 på fjordabåten MS «Hjelmelandsfjord». Då gjekk me lengre turar mellom Jøsenfjorden eller Erfjord og Stavanger. Tida på «Hjelmelandsfjord» er nok det kjekkaste minnet eg har frå livet på sjøen. Sjølv om eg berre har lært dette eine her i livet, har eg ikkje trega ein dag på yrkesvalet, humrar Røgenes.

«HJELMELAND» II: Den nyaste MF «Hjelmeland» har gått i Jøsenfjord-sambandet sidan 1993, og har romma 85 pbe sidan påbygginga av nytt faldedekk i 2007. (Foto: Morten Hetland)

I løpet av snautt 20 timar siglar MF «Hjelmeland» 62 turar dagleg frå måndag til laurdag, samt 55 turar kvar sundag.

– Me siglar att og fram i storm og stille. Det er mange som undrast på korleis me kan gå den same strekninga kvar dag utan å bli leie, men vêret skiftar jo, så ingen turar er like. Jo meir det bles, jo løgnare er det, smiler den nypensjonerte kapteinen.

– Du har sjølv gått i hamn no, men når trur du Jøsenfjord-ferja blir historie?

– Eg er overbevist om at det kjem til å bli det lengstlevande ferjesambandet i Ryfylke. Fjorden er djup og luftspennet langt, så eg trur det kjem til å gå minst tjue år før ferja blir avløyst av fastlandssamband, konkluderer Helge Røgenes.

Oppdatering 3. februar 2016:

Frå og med nyttår 2016 blei Hjelmeland-sambandet drifta med to ferjer, for å auka frekvensen på avgangane. Etter dette gjekk ferjene i Hjelmeland-sambandet kvart kvarter.

Oppdatering 18. juli 2021:

I juli 2021 blei MF «Hjelmeland» tatt ut av trafikk i Hjelmeland-sambandet, og erstatta med MF «Nesvik» og MF «Hydra». Elferja MF «Nesvik» er søsterskip til den hydrogen-elektriske ferja MF «Hydra», som blir den første ferja som går på hydrogen.

ELFERJE: MF «Nesvik» er den første elferja i Hjelmeland-sambandet. Den blei sett i drift sommaren 2021, og får snart følgje av søsterskipet MF «Hydra», som er verdas første hydrogen-elektriske bilferje. (Foto: Morten Hetland)

Del:

Facebook
Twitter
E-post
Print
  • Ingen kommentarar.
  • Skriv ein kommentar
    MAGASIN

    Andre artiklar:

    Fritid

    Musikalske og fleirkulturelle jøsnesbuar

    Språk, kultur og musikk er viktig for familien Altamirano, der pappa snakkar spansk og mamma snakkar norsk. – Det har alltid vore spanande å ha røter i fleire kulturar, seier storesøster Malena Altamirano (23).

    Les meir »
    Ut på tur

    Segnomsuste Tverrgjøvle

    Me er heldigvis rikt velsigna med flotte og interessante turmål i vår del av landet. Når ein får spørsmål om å velja seg ein tur, ja, så er utvalet stort.

    Les meir »
    Fritid

    Familieliv mellom fjell og fjord

    Ruth-Iren (37), Anders (40) og dei tre barna deira trivst godt mellom fjell og fjord, på garden Sedberg i Årdal. Anders har jobb i heimbygda, medan Ruth-Iren pendlar til Tau.

    Les meir »
    Samferdsel

    Att og fram i 50 år

    MF «Jøsenfjord-ferjen» var det siste som mangla for å kunna opna Ryfylkevegen mellom Sandnes og Sand i 1965. I 50 år har ferjene skyssa bilar og passasjerar trygt over fjorden.

    Les meir »
    Samfunn

    Bygde husdraumen på Hjelmeland

    Då Espen Bomark (30) frå Bråstein i Sandnes blei kjent med Natalie Jansen (27), hadde han ingen plan om å busetja seg i heimbygda hennar. Nå har dei blitt foreldre til to gutar, og bygd seg ein husdraum i sentrum av Hjelmeland.

    Les meir »
    Sørvis

    Frå pelsdyrbønder til glamorøs reiselivssatsing

    For over fire år sidan annonserte Solberg-regjeringa eit forbod mot pelsdyrhald. Pelsdyrbøndene ventar framleis på erstatning, men Reidar (64) og Sissel (58) Helgesen er allereie på god veg inn i ei framtidsretta reiselivssatsing på småbruket Hetlevik på Randøy.

    Les meir »