Årsmeldingar

2023

Nye tiltak:

I januar 2023 overtok Mitt Hjelmeland flyfotoarkivet. Dei fleste bileta i arkivet er fotograferte i perioden 1962–1967. Bileta er digitaliserte og georefererte av Hetland Media, og lånt ut til Mitt Hjelmeland sin nettstad.


2022

Styret:

Grunna usikre smittevernreglar i samband med koronapandemien, blei det ikkje halde noko årsmøte i januar 2022. Styret for 2022 var difor dei same som i stiftingsåret: Morten Hetland (styreleiar), Anne Spilde (styremedlem), Roger Sjursen (styremedlem) og Liv Reidun Brakstad (varastyremedlem).

Nettportalen og sosiale media:

Sidevisningar på mitt-hjelmeland.no: 19.394
Nye oppføringar på mitt-hjelmeland.no: 10
Tal på publiserte oppføringar på mitt-hjelmeland.no pr. 31.12.2022: 172
Arrangement i Facebook-gruppa «Kven blir med å …?»: 1
Rekkevidde på Facebook: 1.606
Rekkevidde på Instagram: 242
Tal på nye Facebook-innlegg: 10
Tal på nye Instagram-innlegg: 1
Følgjarar på Facebook-sida: 1.024
Følgjarar på Instagram-profilen: 389

Nye tiltak:

1. februar 2022 overtok Mitt Hjelmeland drifta av Kodeklubben Hjelmeland. Kodeklubben er tilknytta det landsomfattande nettverket Lær Kidsa Koding, og blei testa ut av Hjelmeland Samfunnshus hausten 2021. Kodeklubben er Mitt Hjelmeland sitt første faste fritidstilbod, og målgruppa er barn og unge i aldersgruppa 10–16 år.

Sommaren 2022 overtok Mitt Hjelmeland stadnamnprosjektet i Hjelmeland. Me inngjekk samtidig eit samarbeid med Egil Sølvberg om å registrera og kartfesta lokale stadnamn frå Hjelmeland på lokalnamn.no.


2021

Styret:

4. januar 2021 valde stiftingsmøtet følgjande styre: Morten Hetland (styreleiar), Anne Spilde (styremedlem), Roger Sjursen (styremedlem) og Liv Reidun Brakstad (varastyremedlem).

Nettportalen og sosiale media:

Sidevisningar på mitt-hjelmeland.no: 15.654
Nye oppføringar på mitt-hjelmeland.no: 46
Tal på publiserte oppføringar på mitt-hjelmeland.no pr. 31.12.2021: 126
Arrangement i Facebook-gruppa «Kven blir med å …?»: 4
Rekkevidde på Facebook: 6.109
Rekkevidde på Instagram: 488
Tal på nye Facebook-innlegg: 38
Tal på nye Instagram-innlegg: 16
Følgjarar på Facebook-sida: 982
Følgjarar på Instagram-profilen: 370

Nye tiltak:

4. januar 2021 oppretta me Facebook-gruppa Kven blir med å …?, der me prøver å legga til rette for at folk med tilknytting til Hjelmeland inviterer kvarandre med på lågterskel-aktivitetar. Same kveld blei Mitt Hjelmeland formelt stifta som ein frivillig organisasjon.


Mitt Hjelmeland blei formelt stifta som ei foreining 4. januar 2021, men har drive ulike aktivitetar sidan 8. mars 2013.